grafikk Innføring og bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet Ephorte i Lier kommune - Ein analyse med utgangspunkt i struktureringsteori
grafikk

Referanse
Nes, T. (2003): "Innføring og bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet Ephorte i Lier kommune. Ein analyse med utgangspunkt i struktureringsteori", Hovudfagsoppgåve, Institutt for Informatikk, Universitetet i Oslo, 2003

Samandrag
Forskingsarbeidet i denne oppgåva har vore retta mot innføring og bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet Ephorte i Lier kommune. Ephorte vert ikkje brukt i den grad det er ynskjeleg frå fleire hald kommunen. For å finne ut korfor Ephorte ikkje vert brukt i den grad det er ynskjeleg, og korfor ulike grupper i Lier kommune brukar Ephorte i ulik grad har eg gjort ei innsamling av empirisk materiale som kan kaste lys over dette.

Det empiriske materialet vert først sett i samanheng med teoriar frå forskingsfeltet CSCW for å vise korleis Ephorte styrer tilgang til delte informasjonsområde, kor viktig det er med ein kritisk masse for nytteverdien av systemet og samanhengen mellom arbeid og nytteverdi av systemet.

Essensen i oppgåva er ein analyse av innføringa og bruken av Ephorte med utgangspunkt i struktureringsteori. Her viser eg korleis ulike strukturar vert bygde opp i samband med utviklinga og implementeringa av Ephorte og korleis desse strukturane påverkar eigenskapar ved Ephorte. Deretter viser eg korleis saksbehandlarane byggjer opp ulike teknologi-i-praksis-strukturar i sin kontinuerlege bruk av Ephorte avhengig av kva arbeidssituasjon dei er i, og korleis desse strukturane utgjer reglar og ressursar for bruk av systemet. Dette brukar eg til å forklare korfor Ephorte ikkje vert brukt i den grad det er ynskjeleg, og i ulik grad av ulike grupper.


Last ned oppgåva
- pdf (1669 kb)
- zip (862 kb)


Spørsmål eller komentarar kan sendast til: hovudfag@terjenes.com
grafikk grafikk



Valid HTML 4.01 Strict Valid CSS!